Bygningsantikvaren kan bistå musea i arbeidet med dokumentasjon og registering av dei kulturhistoriske bygningane.

Dokumentasjon kan vera så mangt, og vil variera med type bygning, med den kulturhistoriske verdien til bygningen, og med kva funksjon bygningen har hatt og har. Det viktige er å finna ut av kva informasjon som er viktig og sentral – kva ein skal dokumentera. I neste omgang kjem kva nivå ein skal leggja seg på i omfang og detaljeringsgrad.

Forenkla kan ein seia at ein har ein grunndokumentasjon som bør innehalde:

  • Registeringsfoto – utvendig og innvendig, av heile fasadar og av detaljar. Foto må gjerne visa til illustrasjonsskisse/planteikning som viser til kor foto er teke.
  • Planteikningar, fasadeteikningar. Gjerne snitt og detaljteikningar òg.

Vidare har ein den historiske dokumentasjonen:

  • Foto
  • Kart
  • Dokument – branntakster, inventarliste o.l.

I tillegg har ein historiske gjenstandar som òg kan gi viktige opplysningar om bygningen.

Dokumentasjon i samband med restaureringsarbeid er særskild viktig. Her bør ein få med alle delane av prosessen. Like interessant som planane i forkant av restaureringsarbeidet er sjølve prosessen – når arbeidet pågår. Døme på metodar for dokumentasjon:

  • Foto saman med tekst kan formidla kunnskap og erfaringar ein gjer seg, og grunngjevingar for valg ein gjer undervegs
  • Arkivering av bygningsdelar. Når ein fjernar bygningsdelar og tidslag i bygningen, må ein vurdera kva desse elementa inneheld av informasjon – slik som verktøyspor, målingslag, aldersindikatorar o.l. Ein bør vurdera om ein kapasitet til å arkivera dei viktigaste bygningsdelane som dokumentasjon for ettertida.

Den som utfører arbeidet er den som best dokumenterer arbeidet. Det er difor viktig at ein legg seg på rett nivå kva gjeld dokumentasjon. Nivået på dokumentasjon må tilpassast bygning og situasjon. Bygningsantikvaren kan hjelpa med å finna fram til rett nivå – og med opplæring i dokumentasjon og registering.