- Ledig snarast, t.om. 31.12.26.
- Søknadsfrist: 08. april 2026.
- Stillingsprosent: 50%
Prosjektmedarbeidar – tilstandsvurdering av museumsbygningar i Rogaland
Museumstjenestene i Rogaland har ledig prosjektstilling knytt til arbeid med bygningsvern ved regionmusea i fylket.
Stillinga er knytt til prosjektet «Tilstandsvurdering av bygningane i samlingane til regionmusea i Rogaland», som er ei oppfølging av bygningsvernundersøkinga frå 2019. Prosjektet skal gi oppdatert oversikt over tilstanden til museumsbygningane og bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag for prioritering av vedlikehald og bevaring.
Den som blir tilsett vil arbeide i team med dei tilsette i Museumstjenestene i Rogaland og i samarbeid med regionmusea i fylket. Arbeidet vil i stor grad bestå av synfaringar, registrering og dokumentasjon av bygningar i musea sine samlingar.
Stillinga inneber ein del reising i Rogaland. Arbeidsgjevar blir Ryfylkemuseet STI med hovudkontor på Sand, men kontorstad blir i hovudsak i Dusavika, Stavanger, saman med resten av Museumstjenestene.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre tilstandsvurderingar av bygningar i samlingane til regionmusea i Rogaland
- Registrering og dokumentasjon av bygningar, mellom anna foto og rapportering
- Bidra til kunnskapsgrunnlag for prioritering av tiltak innan vedlikehald og bygningsvern
- Samarbeid med musea og tilsette i Museumstjenestene i Rogaland
Kvalifikasjonar
- Relevant fagleg bakgrunn, til dømes fagbrev eller høgskule-/universitetsutdanning innan relevante fagområde
- Erfaring og kompetanse innan bygningsvern
- Erfaring med tilstandsvurdering og dokumentasjon av bygningar
- Kunnskap om lokal byggeskikk
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Gode samarbeidsevner
- Nøyaktig og systematisk i dokumentasjonsarbeid
- Praktisk orientert og komfortabel med feltarbeid og synfaringar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
- Ei spennande prosjektstilling med arbeid knytt til kulturarv og bygningsvern
- Varierte arbeidsoppgåver med både feltarbeid og dokumentasjon
- Eit fagleg miljø med kompetanse innan museumsdrift og kulturminnevern
- Samarbeid med regionmusea i Rogaland
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter Landsoverenskomsten for museer og andre kulturinstitusjoner.
Søknad med vitnemål, CV og attestar sendast til post@ryfylkemuseet.no
Kontakt for faglege spørsmål, bygningsantikvar, Kirsten H. Fosstveit tlf. 476 34 571 / khf@ryfylkemuseet.no
Kontakt for praktiske spørsmål om stillinga, Sanja Ignjatic, tlf. 480 62 758
