Derekhuset blei i dag malt med tranmaling igjen – slik det var malt tidlegare. Bygningsantikvar i Museumstjenestene, Sahra, gjorde ein fargeundersøking (AFR) av dei eldste kledningsborda på huset. I det første laget fann ho fleire indikatorar på at tranolje var bindemiddelet:
- Malinga hadde trengt lenger inn i treverket enn det som er typisk for linoljemaling.Tran har mindre molekyl enn linolje og er difor i stand til å frakta pigmentpartiklar vidare inn i eit substrat.
- Spor av malinga blei funne i kvistar. Tranmaling er den einaste typen utvendig maling som vil trengja gjennom kvistar.
- Tranmaling har historisk sett vore i vanleg bruk på bygningar langs kysten. Tran var eit biprodukt frå fiskeindustrien og eit billeg og lett tilgjengeleg bindemiddel i desse områda.
Det har vore vanleg å bruka jordpigment til fargesetting av trana. Det stemmer godt med pigmentanalysen: Det første laget er raud oksid, deretter har huset vore mørkebrunt, og seinare malt i ein brunraudt oksidfarge.
Munnlege kjelder seier at Derekhuset blei malt med ei fiskeolje (tran eller sildeolje), og at ein brukte finknuste teglpanner som pigment. Når huset nå skulle malast i år tok me opp att tradisjonen med tranmaling. I staden for knust tegl valde me engelsk raudt pigment – som er nokså likt i fargen.