Val av farge og pigment

Derekhuset blei i dag malt med tranmaling igjen – slik det var malt tidlegare. Bygningsantikvar i Museumstjenestene, Sahra, gjorde ein fargeundersøking (AFR) av dei eldste kledningsborda på huset. I det første laget fann ho fleire indikatorar på at tranolje var bindemiddelet:

  • Malinga hadde trengt lenger inn i treverket enn det som er typisk for linoljemaling.Tran har mindre molekyl enn linolje og er difor i stand til å frakta pigmentpartiklar vidare inn i eit substrat.
  • Spor av malinga blei funne i kvistar. Tranmaling er den einaste typen utvendig maling som vil trengja gjennom kvistar.
  • Tranmaling har historisk sett vore i vanleg bruk på bygningar langs kysten. Tran var eit biprodukt frå fiskeindustrien og eit billeg og lett tilgjengeleg bindemiddel i desse områda.
Gamalt kledningsbord frå Derekhuset. Her ser ein korleis malinga har trengt inn i kvistar og ligg djupt i treverket.

Det har vore vanleg å bruka jordpigment til fargesetting av trana. Det stemmer godt med pigmentanalysen: Det første laget er raud oksid, deretter har huset vore mørkebrunt, og seinare malt i ein brunraudt oksidfarge.

Munnlege kjelder seier at Derekhuset blei malt med ei fiskeolje (tran eller sildeolje), og at ein brukte finknuste teglpanner som pigment. Når huset nå skulle malast i år tok me opp att tradisjonen med tranmaling. I staden for knust tegl valde me engelsk raudt pigment – som er nokså likt i fargen.

Nokre bitar av teglpanner frå Derekhuset. Her ser ein at det er ein del fargevariasjonar.
Tørrpigment, engelsk raudt, ved sida av ei teglpanne. Fargane stemmer godt.
Engelsk raudt – slik blir fargen når pigmentet blir lagt i blaut (maling).
Maling (tranolje og engelsk raudt) av den nye kledningen på Derekhuset.