Utstilling om klima og bygningsvern

Sjølv om det er koronakrisa som skapar dei store overskriftene i år, er det ei anna krise som pågår og som vil ramma oss – og dei som kjem etter oss – minst like hardt: Klimakrisa.

Musea i Rogaland ønskjer å setja søkjelyset på klima og bygningsvern gjennom ei ny vandreutstilling. Tema er korleis ein som huseigar kan gjera ein skilnad for klimaet. Utstillinga vender seg til alle som eig eit hus, og som interesserer seg for korleis ein kan gjera ein skilnad for klimaet.

Utstillinga vil bli produsert av Museumstjenestene, i samarbeid med regionmusea i Rogaland og Rogaland fylkeskommune. Prosjektet er støtta av Miljødirektoratet.

Klimaendringene gir kort sagt et våtere, villere og mer uforutsigbart vær i fremtida. Selv om vi i Rogaland er vant med å tilpasse oss mye regn og vind og et skiftende vær, gir de siste års naturhendelser en pekepinn på at vi ikke er godt nok tilpasset dagens klima.

Planprogram – Regionalplan for klimatilpasning i Rogaland 2020-2050 (Rogaland fylkeskommune)

Utbetra i staden for å byta ut

For huseigarane sin del inneberer klimaendringane først og fremst at ein må vedlikehalda og renovera med tettare intervall. Me må òg setja i verk ulike tiltak for å spara energi.

Det finst mange ulike alternativ for den som vil spara energi og renovera. Det kan oppfattast som ein jungel å finna fram i, og det er lett å bli forvirra. Skal eg byta vindauge, satsa på solcellepanel, isolera loftet litt ekstra? Med denne utstillinga vil me guida huseigarane til å ta velja dei mest «klimakloke» løysingane – dei som er best for miljøet, for lommeboka og for uttrykket til huset.

Ein raud tråd i utstillinga er prinsippet om å utbetra i staden for å erstatta. Bruk-og-kast har spreidd seg til heile samfunnet, og i dag brukar og kastar me alt frå klede og elektronikk til kjøkeninnreiing og vindauge. I ei meir berekraftig framtid må me konsumera mindre og ta klimasmarte val.

Musea som kjelde til kunnskap

Musea har dei siste tiåra drive systematisk arbeid med å bevara og dokumentera ulike bygningstypar, og har gjennomført mange undersøkingar og forsking dette. Musea har slik opparbeidd seg mykje kunnskap om korleis ein best kan ta vare på eldre bygningar, og kva metodar og teknikkar som fungerer og ikkje. Utstillinga vil sjå på kva ein kan læra av den eldre byggjeskikken, og vurdera tradisjonelt bygghandverk opp mot moderne løysingar.

Rapport frå 2017 om musea sine møte med klimautfordringane
Musea har mykje erfaring og kunnskap om forvalting av bygningar, kva som fungerer og ikkje.

Referanseprosjekt

Den svenske utstillinga «Klimatklokt!» er vårt referanseprosjekt. Denne utstillinga blei produsert i 2018 av Slöjd & Byggnadsvård, Västarvet, i samarbeid med Hållbar Utveckling Väst.

utstallning_klimatklokt_02.jpg (740×433)
Bilete frå utstillinga «Klimatklokt» i Sverige.

Informasjon om utstillinga

KVAVandreutstilling om klima og bygningsvern i Rogaland: Korleis kan du som huseigar gjera ein skilnad for klimaet?  
KVENUtstillinga vender seg til alle som eig eit hus, og som interesserer seg for korleis ein kan gjera ein skilnad for klimaet.  
KVIFORKlimaet i Rogaland vil bli våtare og varmare i framtida. Klimaendringane kjem til å påverka husa våre på fleire måtar.   Klima påverkar oss – og me påverkar klimaet. Dei tiltaka den enkelte kan gjera vil ha mykje å seia om me skal nå klimamåla.  
KVARUtstillinga vil turnera rundt i Rogaland. Planen er at den først blir sett opp på dei ulike regionmusea: Dalane Folkemuseum, Jærmuseet, Museum Stavanger, Haugalandmuseet og Ryfylkemuseet.   Etter dette vil utstillinga vera til utlån for andre. Målet er at utstillinga skal ha besøkt alle kommunane i Rogaland i løpet av perioden 2020-2022. Aktuelle visningsarenaer i kommunane kan vera kulturhus, skular og bibliotek.  

Utstillinga vil bli opna på Ryfylkemuseet i 2021. Deretter vil utstillinga vandra vidare til dei andre musea i Rogaland.