Formålet med nettverket
Nettverket skal vera ein arena for erfaringsutveksling og kompetanseheving for handverkarar tilsette ved regionmusea i Rogaland.
Nettverket skal arrangera kurs og samlingar innan praktisk bygningsvern. Desse kan vera opne for handverkarar og andre som arbeider med bygningsvern.

Målsetjing
Det skal haldast minst to nettverksamlingar/-kurs per år. Minst eit av desse skal vera ope for andre.
Kurs og samlingar skal som hovudregel arrangerast ved eit av medlemsmusea sine anlegg.
Deltaking i nettverket
Det er dei fem regionmusea i Rogaland som er stiftarar og medlemmer av nettverket. Målgruppa for nettverket er handverkarar tilsette ved regionmusea.
Andre institusjonar som har praktisk bygningsvern som fokus kan søkja om medlemskap.
Medlemsmusea forpliktar seg til å setja av minst eit vekeverk per deltakande handverkar.
Medlemsmusea har moglegheit til å spela inn ønskje om kurs, tema for samlingar o.a. som ein ønskjer at nettverket skal arbeida med.
Økonomi
Dei første tre åra er det ikkje medlemsavgift for medlemsmusea. I 2022 blir økonomimodellen vurdert på nytt.
Kurs og samlingar er gratis for medlemsmusea, medan andre deltakarar betaler kursavgift.
Organisering
Det er bygningsantikvaren for regionmusea (Museumstjenestene) som har koordineringsansvaret i nettverket. I dette ligg følgjande oppgåver:
- Kalla inn til nettverksmøte
- Organisera kurs og samlingar
- Vera kontaktperson eksternt og internt
- Ansvar for at det blir ført prosjektbudsjett/-rekneskap

Nytt frå lokalt byggnettverk
Klikk på bileta under for å lesa siste nytt fra nettverket.