Stina Ekelund Erlandsen blir leiar av det nye konservatorteamet.
Stina Ekelund Erlandsen har arbeidd som byningsantikvar og avdelingsleiar på Ryfylkemuseet sidan 2017. Ho har ein bakgrunn som møbelsnikkar og som teknisk konservator spesialisert mot møblar, tre og kulturhistoriske gjenstandar. Stina har bachelorgrad (B.Sc.) som møbelkonservator frå Carl Malmsten Furniture Studies i Stockholm, og mastergrad (M.Sc.) i (teknisk) konservering/restaurering frå Konservatorskulen i København. I perioden 2012–2016 var ho ein del av det tverrvitskaplege forskningsprojektet Climate4Wood ved Rijksmuseum, Eindhovens tekniske universitet og Cultural Heritage Agency of the Netherlands, og gjennomførte eit doktorgradprojekt (som ikkje er forsvart endå) og står bak fleire vitskaplege publikasjonar. Stina har arbeidd praktisk som teknisk konservator i museumsbransjen i 15 år, som sjølvstendig næringsdrivande og verkstadsleiar med ansvar for konservering og utdanning av møbelsnikkarlærlingar.
Stina ser frem til å arbeida med førebyggjande og praktisk konservering av gjenstandane i musea sine samlingar – gjerne i tett samarbeid med bygningsantikvaren og fotoarkivaren i Fellestjenestene – med mål om å utvikla og styrka musea i Rogaland i det bevaringsfaglege arbeid.
Stina er på plass i konservatorteamet frå 1. april 2020.