Ordning og digitalisering av fotografi etter bygdefotografen Anders Lone

I sommar har fotoarkivaren gått igjennom ein samling med fotografi etter Anders Lone for Ryfylkemuseet. Samlinga består av positivkopier og negativ på glas, nitrat og acetat, samt nokre brev.

Anders Lone ble fødd i 1880 og flytta heim til Herabakka i Suldal frå USA tidleg på 1900-tallet. Han hadde med seg kamera og var ein aktiv bygdefotograf frå rundt 1920. Kjelde: Fotonettverk-rogaland.no

Anders Lone med hest og slede i Suldal. Fotograf: Ukjend. Ryfylkemuseet, RFF2019-058-001.a.
Ein gut fotografert framfor eit kvitt klede festa til ein husvegg. Foto: Anders Lone. Ryfylkemuseet, RFF2019-058-256.

Ryfylkemuseet har et godt samarbeid med Suldal sogelag om bistand med digitalisering av bilete. Sogelaget har digitalisert fleire av bileta i samlinga, sjølv om ei stor jobb framleis gjenstod.

Samlinga måtte ordnast og digitaliserast ferdig, slik at det blir mogleg å oppleve samlinga. Dei digitale bileta måtte gjenfinnast blant dei fysiske bileta og alt måtte nummererast. Fotoarkivaren har ordna både den fysiske og den digitale samlinga, digitalisert dei gjenståande bileta, gitt museumsnummer til kvart objekt og pakka samlinga, slik at det skal vere lett å finne igjen bilete og at samlinga skal sikrast gode forhold for oppbevaring.

I samlinga får me eit godt innblikk i livet som nybyggjar i USA rundt århundreskiftet. Frå Suldal er det ser vi landskap og folk oppstilt i finklede for bygdefotografen, jordbruk, familieliv og kunst. Anders Lone eller ein seinare eigar av bileta, må ha interessert seg for rosemåling og annan kunstmåling. Fleire bilete er av dette. Samstundes er det malingssøl på nokre av bileta. Eit kort til Aake Herabakka nemner kunsten hans. Kan samlinga vere skapt både av Anders Lone og Aake Herabakka (f. 1892)?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s