Me har gleda av å invitera til kurs i tranmaling 28. og 29. juni 2022. Kurset er del av fellesprosjekt om overflatebehandling.
Tranmaling har i hundrevis av år blitt brukt langs norskekysten til utvendig maling av husvegger. Malinga blei produsert lokalt, ofte av huseigaren sjølv. Tran blei blanda med pigment (vanlegvis raude jordpigment) og påført veggene. Fargepigment var handelsvare, men ein kunne òg bruka lokale jordpigment. Ei stund var det fabrikker som produserte maling med tran frå fiskeria langs kysten. Tranmaling lagast anten av råtran, fløyttran eller av varmebehandlet tran.
Program – onsdag 28. juni
- 19:00 – Fagkveld – teori og lesking av pigment
Program – torsdag 29. juni
- 08:00 – Kurs del 1
- 11:00 – Lunsj
- 12:30 – Kurs del 2
- ca 14:30 – Kurset er ferdig
Praktisk info
- Stad: Derekhuset (kart)
- Dato: 28. og 29. juni 2023
- Instruktør: Jorunn Garberg Moslet (Malersvenneriet AS)
- Målgruppe: Museumshandverkarar, andre interesserte
- Overnatting: Deltakarane bookar sjølv overnatting.
- Deltakaravgift: 250 kr (eksterne deltakarar), gratis for museumstilsette.
Påmelding
Meld deg på via lenk her: https://pameldinger.no/e/pttkut
Les meir om tranmaling her:
