Komposisjonsmaling

Komposisjonsmaling består av tre hovudingredienser: vatn, mjøl og pigment. Nokre oppskrifter inneheld også såpe, jernvitrol, tjøre og/eller linolje. Bruk av komposisjonsmaling kan førast tilbake til 1600-tallet, og malinga var mest vanleg fram til 1950-talet. Den er billeg og enkel å framstilla og ofte brukt på uthusbygningar då den egnar seg til uhøvla kledning.

Kurs i komposisjonsmaling

  • Stad: Veien, Nedstrand (Haugalandmuseet)
  • Dato: 19. april 2023
  • Instruktør: Tor Meusburger
  • Målgruppe: Handverkarar, huseigarar og andre interesserte
  • Deltakarar: 11 personar (frå Haugalandmuseet, Ryfylkemuseet og Museumtjenestene i Rogaland)

Malermeister Tor Meusburger starta med å fortelja om komposisjonsmaling og bruken av denne. Han har brukt denne malinga i heile sitt yrkesliv, og har malt mange bygningar med komposisjonsmaling på vestlandet. Det finst mange ulike oppskriftar, men alle har inneheld mjøl, vatn og pigment. Meusburger forsterkar malingen med linolje. Det gjorde ikkje Haugalandmuseet då løa blei malt sist (i 2017). Dei brukte då ein oppskrift etter Jon Brænne. Me fann ut at me ville prøva begge deler på kurset. Den eine veggen blei malt halvt om halvt – eine halvdelen med linolje, og den andre utan.

Før og etter maling.

Oppskrift – etter Tor Meusburger

  • 20 liter vatn
  • 0,8 kg jernvitrol
  • 1 kg rugmjøl
  • 3,2 kg pigment
  • 1 liter linolje
  • Zalo

Framgangsmåte

  • Start med vatnet.

    Bruk 2-3 liter av det kalde vatnet til å vispa ut mjølet i.

    Resten av vatnet kokast opp.

  • Når det nærmar seg kokepunktet hellar ein vatnet med mjølet oppi.

  • Når det kokar, tilsett jemvitrolen.

  • Sørg for å røra godt heile tida.

    La det koke under stadig omrøring i 15 minutt.

  • Veggen dusjast lett før maling.

    Unngå å mala i direkte sol (om mogleg).

    Mal to strøk. Me malte løa med begge strøk same dag. Malinga tørkar fort, så ein treng ikkje legga inn ekstra tørketid mellom strøka.

Oppstrøksprøvar

Me lagde også oppstrøksprøvar denne dagen med pigmenta okergult, engelsk raudt og sinkkvitt. Dei gule og raude prøvane blei fine, medan den kvite fungerte ikkje.

Legg igjen en kommentar