Kurs i linoljemaling

Me har gleda av å invitera til kurs i linoljemaling 14. og 15. september. Kurset er del av fellesprosjekt om overflatebehandling.

Maling med linolje som bindemiddel har vore brukt på bygningar sidan 1700-talet. Olja kjem frå linfrø som blir kald- eller varmpressa. Kokt linolja får ein ved å varma opp rå linolja. Linoljemaling gir normalt blanke overflatar som over tid blir matta ned og «krittar». Det er då pigmentet som sit igjen på kledningen. Ved å stryka på blank linolje kan ein binda pigmentet igjen. Linoljemalinga har tradisjonelt vore brukt på høvla overflatar, men kan også på brukast på uhøvla.

Med dette kurset vil me læra meir om:

  • korleis blanda linoljemaling (olje, pigment, evt tilsetjingar)
  • forstå eigenskapar og teknikkar knytt til linolje
  • forstå kvifor og korleis bruka (eller ikkje bruka) tilsetjingar
  • kva underlag som er egna for linoljemaling
  • korleis førebu ulike underlag for maling:
    • ny ubehandla overflate
    • tidlegare malt overflate
  • malingsteknikk – påføring, utstyr, tørketid, o.a.
  • korleis vedlikehalda ein linoljemalt vegg
  • tips og triks – dela gode og dårlege erfaringar

Program

Dag 1 – torsdag 14. september

09:50Oppmøte, Børeviga (kart). Båttur over til Natvigs Minde.
10:00 – 10:30Kaffe og velkomen
10:30 – 11:30Foredrag: Historie om linoljemaling
11:30 – 12:00Lunsj
12:00 – 16:30*Praktisk del, blande maling m.m.
16:30Opprydding. Avgang med båt frå Natvigs Minde cirka kl 16:30 for dei som ikkje blir med på fellesmiddagen.
17:00Fellesmiddag. Felles retur med båt etter middagen.

* Me tar ein kaffipause på ettermiddagen og ein båt tar dei som må vera tilbake i byen tidlegare. Tid avheng av kva som fungerer best for folk. Gi gjerne beskjed om du må vera tilbake i byen på eit tidlegare tidspunkt, så kan me planleggja kva tidspunkt me set opp avgang frå Natvigs Minde.


Dag 2 – fredag 15. september

08:30Oppmøte, Børeviga. Båttur over til Natvigs Minde.
08:45 – 09:30Teoretisk del
09:30 – 11:30Praktisk del
11:30 – 12:00Lunsj
12:00 – 14:00Praktisk del
14:30Båt tilbake til byen

Det kan bli justeringar i programmet. Du vil alltid finna oppdatert program på denne sida.

Praktisk info

  • Dato: 14. – 15. september 2023
  • Instruktør: Thor Grabow og Dennis Lund
  • Stad: Natvigs Minde, Stavanger. Informasjon om oppmøte og båtskyss blir sendt til deltakarane etter påmelding.
  • Målgruppe: Handverkarar, konservatorar, antikvarar og andre som arbeider med bygningsvern.
  • Overnatting: Hotell i Stavanger. NB! Deltakarane bookar sjølv overnatting.
  • Kostnad: Deltakarane dekkjer kostnad til overnatting, reise og middag. Middagen kostar kr 350.

Ta på deg (eller med deg) kler som toler å bli flekkete – me skal mala begge dagane!

Ta gjerne også med varme kler, og evt regntøy om det er utrygt for regn. Me kjem til å vera mykje utandørs. Dersom det regnar vil me gjera vårt beste for å jobba så mykje som mogleg inne, men det vil uansett bli aktuelt å vera noko ute.

Me har noko utstyr og penslar, men ikkje nok til alle deltakarar. Me ber spesielt handverkarane i gruppa om å ta med nokre penslar og skrapeverktøy.

Påmelding

Påmelding via lenk her: https://pameldinger.no/e/rgrxxs


Kurset blir arrangert i samarbeid med Engøyholmen og Rogaland fylkeskommune.

Legg igjen en kommentar