Podkast

Konservator i Museumstjenestene, Therese Espeland, har gjesta podkasten til Jærmuseet – TING. Episoden handlar om ei nyrestaurert amerikafane frå Gjesdal.

I podkasten «Ting – frå Jærmuseet» får du historiene om gjenstandane du kan oppleva i Jærmuseet sine samlingar. Kvar episode tar utgangspunkt i éin konkret ting – alt frå kvardagslege reiskapar til unike gjenstandar – og lar denne gjenstanden opna døra til større historier om livet, menneska og utviklinga på Jæren.