Ikkje mange andre har hatt så mange historiske gjenstandar mellom hendene som denne gjengen.
Jorunn Erga Steinsland | Jærbladet
HISTORIE: Like ved inngangen til fiellhallane på Vestre Åmøy ligg ei raud brakke. Innanfor skjuler det seg eit heilt, lite kontorlandskap. Her sit blant anna Oda frå Vigrestad. Ho er ein del av Samlingsteam Rogaland.
Teamet vart oppretta i 2014 og har som oppgåve å registrera gjenstandar for musea i Rogaland.
Ved eine veggen sit Oda Rugaard frå Vigrestad. Ho er utdanna bibliotekar, men ein bijobb som 16-åring har balla på seg.
– Eg starta som vert på Vitengarden Jærmuseet då eg gjekk fyrste året på vidaregåande. Etter det har eg bare blitt, smiler ho og fortel at ho i dag er inne i eit vikariat i Samlingsteam Rogaland og at ho fekk jobben etter å ha vore i ulike stillingar i Jærmuseet i fleire år.
Saman med resten av gjengen i teamet vurderer ho historiske gjenstandar.
Sidan oppstarten har rundt 60.000 gjenstandar blitt vurderte og lagt inn med nummer i ein felles museumsdatabase.
– Rotna på rot
Leiar for teamet er museolog Jeanne Dalbu. Ho er glad for at fylkeskommunen leiger fjellhallane og dermed sikrar musea ein god lagringsplass.
– Historiske gjenstandar stod i gamle grishus og løer. Kulturarven vår og grunnlaget for musea stod rett og slett og rotna på rot, seier Dalbu. Ho fortel at det er ein heil vitskap å ta vare på gjenstandar.
– Luftfukt er det aller verste, seier ho.
Tre månadars ryddejobb på Nærbø
Samlingsteamet sin aller fyrste jobb var på Vitengarden på Kvia. Der museet i dag viser fram gamle traktorar, stod hylle på hylle med gjenstandar i tre og metall.
– Det var eit hav med gjenstandar. Det tog seks til ti personar tre månadar å gå gjennom alt, seier Dalbu med eit smil. Teamet veit aldri heilt kva som møter dei når dei får nye oppgåver. Dalbu hugsar spesielt godt ei
tang ho skulle registrera.
– Det var ei heilt vanleg tang, men då eg såg nærare på henne, såg eg at det sat ei tann fast. Eg lét ho bare vera der, ler ho. Samlingsteam Rogaland er eit prosjekt som skal halda fram til utgangen av 2019.