Bygningsvernundersøkinga

For bygningsantikvaren har våren i stor grad gått med til arbeidet med bygningsvernundersøkinga som skal vera gjennomført i løpet av 2019.

Bygningsvernundersøkinga er sett i gong av Kulturrådet etter oppdrag frå Kulturdepartementet.

I desember 2018 fekk alle musea brev frå Kulturdepartemente der musea blir bedne om å gjennomføra ei kartlegging og tilstandsvurdering av dei kulturhistoriske bygningane.

Bygningsvernundesøkinga blir ein del av arbeidet med ny museumsmelding. Kulturdepartementet skriv i brevet til musea at:

Museumsstatistikken viser at norske museer forvalter om lag 5000 kulturhistoriske bygninger, og bygningsvern er dermed ett av flere viktige temaer som vil måtte drøftes i meldingen. Flere museer har lagt ned et betydelig arbeid for å kartlegge tilstanden på de kulturhistoriske bygningene de forvalter, men departementet ser at det er behov for en landsdekkende kartlegging basert på enhetlige standarder.

Kulturrådet inviterte til oppstartssamling på Gardermoen i februar. I etterkant av samlinga sendte eg, på vegne av musea i Rogaland, innspel til Kulturrådet med oppmoding om fastsetja retningslinjer for tilstandsvurdering, då det kom fram sprikande syn på tilstandsgradering under oppstartssamlinga. Kulturrådet publiserte ei handbok for tilstandvurdering kort tid etter. Det viser at det nyttar å seia i frå.

Eg har retta meg etter denne handboka i tilstandsvurderinga av bygningane på musea.

Musea har stilt med handverkar eller andre som har god kjennskap til bygningane når eg kjem for å gjera tilstandsvurdering. Dette har vore svært viktig for kvaliteten på arbeidet. Dei som kjenner bygningane er dei beste til å vurdera skadeomfang og konsekvens. T.d. kan det vera skader som ser svært alvorlege ut, men som ein som kjenner bygningen kan vurdera annleis (det er ein gamal skade, den utviklar seg sakte o.a.).

Eg har nå vore innom alle bygningane til Jærmuseet og MUST, og mest alle bygningane til Haugalandmuseet. Musea i Rogaland ligg slik godt an. Jamt over er tilstanden god, og dette er takk vera dyktige handverkarar – samt tiltaksmidlene frå 2016.

Dette arbeidet har vore svært interessant for meg, og eg har lært mykje både i møte med bygningar og handverkarar.

Arbeidet vil fortsetja utover sommaren og hausten.


Skrevet av bygningsantikvar Kirsten Hellerdal Fosstveit

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s