Dokumentasjon av handverksprosessar

Museumshandverkarar forvaltar ikkje berre bygningar, men òg kunnskapen om korleis ein byggjer og vøler slike bygningar. Denne kunnskapen er verdefull og viktig å dokumentera.

I juni var eg så heldig å få vera med handverkarar ved Dalane Folkemuseum då dei skulle leggja ris i fasgardløa på Barstad. Dette har eg sett fram til sidan eg byrja i jobben, for ca tre år sidan.

Fasgardløer var svært vanlege i Dalane, og vert gjerne trekt fram som typiske døme på den lokale byggjeskikken der. I dag er det få slike bygningar att. Ei av desse tilhøyrer Dalane Folkemuseum og står på Barstad. Ei anna ligg under det nyleg freda gardsanlegget Øen. Begge fasgardløene har handverkarar ved Dalane Folkemuseum vølt. Slik sett er det museumshandverkarane som er tradisjonsberarane og som forvaltar denne handverkskunnskapen.

Oppgåva mi var her å dokumentera arbeidsprosessen. Dette gjorde eg dels ved å vera med i arbeidet sjølv (det er viktig for all handlingboren kunnskap), dels ved å vera ”observatør” og ta bilete og film.

Målet er å gjera denne dokumentasjonen tilgjengeleg for fleire – både i sosiale media og i form av ein artikkel.


Formidling gjennom Instagram

Bygningsantikvaren sin instagramprofil

Eg har lagt opp ein såkalla ”historie” på instagramprofilen min @arkifoss.

Klikk på det runde biletet over teksten ”Fasgard” så kjem det opp bilete og små videosnuttar som viser heile prosessen frå henting av bjørkeris i skogen til ferdig fasgardvegg.


Skrevet av bygningsantikvar Kirsten Hellerdal Fosstveit

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s