Dalane Folkemuseum har ein gamal potetkjellar på Slettebø som dei nå ønskjer å setja i stand. Tilstanden til konstruksjon og andre bygningsdelar er dårleg, og det er naudsynt å gjera noko. Bygningsantikvaren er med i planlegginga av restaureringsprosjektet.
Museet vil leggja vekt på dokumentasjon og handverksforsking i arbeidet med Dalane Folkemuseum. Det er særskild taket på potetkjellaren som er interessant. Det ligg nemleg eit gamalt torvtak under bølgjeblekkplatene som kler taket i dag. Kor gamalt er torvtaket? Korleis er det lagt? Kva type torv er brukt? Dette er nokre av spørsmåla ein vil søkja å finna svar på gjennom restaureringsprosjektet.




Branntakster
Branntakster kan vera ei god kjelde til kunnskap om bygningane i samlinga. Slettebø er taksert fleire gonger frå midten av 1800-talet og utover på 1900-talet.

Potetkjellaren er ikkje nemnd i dei første branntakstene frå Slettebø (1856 og -57), noko som kan tyda på at den ennå ikkje er bygd. I branntaksten frå 1868 er potetkjellaren med, og skildra slik:
En Poteteskjælder af Graasten, 8 Alen lang, 8 Alen bred, 6 Alen høi, tækket med Næver og Torv, 1 Dør, 2 Vinduer
I 1917 blei garden taksert på ny, inkludert jordkjellaren. Den hadde då fått ei ekstra dør og tegl på taket:
En potetkjælder af graasten, 5 meter lang, 5 meter bred og 6 meter høi, sutækket og teglhængt med 3 døre og 2 vinduer
Seinare blei teglpannene skifta ut med bølgjeblekk, men me veit ikkje kva tid dette kan ha skjedd. Så lenge museet har hatt forvaltingsansvaret for bygningen har den stått slik som i dag: Bølgjeblekk lagt oppå eit torvtak.
Me veit altså at potetkjellaren er bygd ein gong mellom år 1857 og 1868. Vidare veit me at den først var tekka med never og torv, og rundt femti år seinare (i 1917) ny tekking med tegl. Etter kva me veit har bygningen ikkje hatt torvtak seinare, så torvtaket har truleg lagt under tegltaket. Det vil seia torvtaket kan vera frå 104 år gamalt til – om det er snakk om originaltaket – minst 153 år gamalt!
Restaurering i 2022
Museet har sett av 2022 til dette restaureringsprosjektet. Museumstjenestene kjem til å følgja prosjektet vidare, så følg med her for oppdateringar!