Kurs i linoljemaling

Me har gleda av å invitera til kurs i linoljemaling 14. og 15. september. Kurset er del av fellesprosjekt om overflatebehandling.

Maling med linolje som bindemiddel har vore brukt på bygningar sidan 1700-talet. Olja kjem frå linfrø som blir kald- eller varmpressa. Kokt linolja får ein ved å varma opp rå linolja. Linoljemaling gir normalt blanke overflatar som over tid blir matta ned og «krittar». Det er då pigmentet som sit igjen på kledningen. Ved å stryka på blank linolje kan ein binda pigmentet igjen. Linoljemalinga har tradisjonelt vore brukt på høvla overflatar, men kan også på brukast på uhøvla.

Med dette kurset vil me læra meir om:

  • korleis blanda linoljemaling (olje, pigment, evt tilsetjingar)
  • forstå eigenskapar og teknikkar knytt til linolje
  • forstå kvifor og korleis bruka (eller ikkje bruka) tilsetjingar
  • kva underlag som er egna for linoljemaling
  • korleis førebu ulike underlag for maling:
    • ny ubehandla overflate
    • tidlegare malt overflate
  • malingsteknikk – påføring, utstyr, tørketid, o.a.
  • korleis vedlikehalda ein linoljemalt vegg
  • tips og triks – dela gode og dårlege erfaringar

Program

Dag 1 – torsdag 14. september

09:50Oppmøte, Børeviga (kart). Båttur over til Natvigs Minde.
10:00 – 10:30Kaffe og velkomen
10:30 – 11:30Foredrag: Historie om linoljemaling
11:30 – 12:00Lunsj
12:00 – 16:30*Praktisk del, blande maling m.m.
16:30Opprydding. Avgang med båt frå Natvigs Minde cirka kl 16:30 for dei som ikkje blir med på fellesmiddagen.
17:00Fellesmiddag. Felles retur med båt etter middagen.

* Me tar ein kaffipause på ettermiddagen og ein båt tar dei som må vera tilbake i byen tidlegare. Tid avheng av kva som fungerer best for folk. Gi gjerne beskjed om du må vera tilbake i byen på eit tidlegare tidspunkt, så kan me planleggja kva tidspunkt me set opp avgang frå Natvigs Minde.


Dag 2 – fredag 15. september

08:30Oppmøte, Børeviga. Båttur over til Natvigs Minde.
08:45 – 09:30Teoretisk del
09:30 – 11:30Praktisk del
11:30 – 12:00Lunsj
12:00 – 14:00Praktisk del
14:30Båt tilbake til byen

Det kan bli justeringar i programmet. Du vil alltid finna oppdatert program på denne sida.

Praktisk info

  • Dato: 14. – 15. september 2023
  • Instruktør: Thor Grabow og Dennis Lund
  • Stad: Natvigs Minde, Stavanger. Informasjon om oppmøte og båtskyss blir sendt til deltakarane etter påmelding.
  • Målgruppe: Handverkarar, konservatorar, antikvarar og andre som arbeider med bygningsvern.
  • Overnatting: Hotell i Stavanger. NB! Deltakarane bookar sjølv overnatting.
  • Kostnad: Deltakarane dekkjer kostnad til overnatting, reise og middag. Middagen kostar kr 350.

Ta på deg (eller med deg) kler som toler å bli flekkete – me skal mala begge dagane!

Ta gjerne også med varme kler, og evt regntøy om det er utrygt for regn. Me kjem til å vera mykje utandørs. Dersom det regnar vil me gjera vårt beste for å jobba så mykje som mogleg inne, men det vil uansett bli aktuelt å vera noko ute.

Me har noko utstyr og penslar, men ikkje nok til alle deltakarar. Me ber spesielt handverkarane i gruppa om å ta med nokre penslar og skrapeverktøy.

Påmelding

Påmelding via lenk her: https://pameldinger.no/e/rgrxxs


Kurset blir arrangert i samarbeid med Engøyholmen og Rogaland fylkeskommune.

Val av farge og pigment

Derekhuset blei i dag malt med tranmaling igjen – slik det var malt tidlegare. Bygningsantikvar i Museumstjenestene, Sahra, gjorde ein fargeundersøking (AFR) av dei eldste kledningsborda på huset. I det første laget fann ho fleire indikatorar på at tranolje var bindemiddelet:

  • Malinga hadde trengt lenger inn i treverket enn det som er typisk for linoljemaling.Tran har mindre molekyl enn linolje og er difor i stand til å frakta pigmentpartiklar vidare inn i eit substrat.
  • Spor av malinga blei funne i kvistar. Tranmaling er den einaste typen utvendig maling som vil trengja gjennom kvistar.
  • Tranmaling har historisk sett vore i vanleg bruk på bygningar langs kysten. Tran var eit biprodukt frå fiskeindustrien og eit billeg og lett tilgjengeleg bindemiddel i desse områda.
Gamalt kledningsbord frå Derekhuset. Her ser ein korleis malinga har trengt inn i kvistar og ligg djupt i treverket.

Det har vore vanleg å bruka jordpigment til fargesetting av trana. Det stemmer godt med pigmentanalysen: Det første laget er raud oksid, deretter har huset vore mørkebrunt, og seinare malt i ein brunraudt oksidfarge.

Munnlege kjelder seier at Derekhuset blei malt med ei fiskeolje (tran eller sildeolje), og at ein brukte finknuste teglpanner som pigment. Når huset nå skulle malast i år tok me opp att tradisjonen med tranmaling. I staden for knust tegl valde me engelsk raudt pigment – som er nokså likt i fargen.

Nokre bitar av teglpanner frå Derekhuset. Her ser ein at det er ein del fargevariasjonar.
Tørrpigment, engelsk raudt, ved sida av ei teglpanne. Fargane stemmer godt.
Engelsk raudt – slik blir fargen når pigmentet blir lagt i blaut (maling).
Maling (tranolje og engelsk raudt) av den nye kledningen på Derekhuset.

Kurs i tranmaling

Me har gleda av å invitera til kurs i tranmaling 28. og 29. juni 2022. Kurset er del av fellesprosjekt om overflatebehandling.

Tranmaling har i hundrevis av år blitt brukt langs norskekysten til utvendig maling av husvegger. Malinga blei produsert lokalt, ofte av huseigaren sjølv. Tran blei blanda med pigment (vanlegvis raude jordpigment) og påført veggene. Fargepigment var handelsvare, men ein kunne òg bruka lokale jordpigment. Ei stund var det fabrikker som produserte maling med tran frå fiskeria langs kysten. Tranmaling lagast anten av råtran, fløyttran eller av varmebehandlet tran.

Program – onsdag 28. juni

  • 19:00 – Fagkveld – teori og lesking av pigment

Program – torsdag 29. juni

  • 08:00 – Kurs del 1
  • 11:00 – Lunsj
  • 12:30 – Kurs del 2
  • ca 14:30 – Kurset er ferdig

Praktisk info

  • Stad: Derekhuset (kart)
  • Dato: 28. og 29. juni 2023
  • Instruktør: Jorunn Garberg Moslet (Malersvenneriet AS)
  • Målgruppe: Museumshandverkarar, andre interesserte
  • Overnatting: Deltakarane bookar sjølv overnatting.
  • Deltakaravgift: 250 kr (eksterne deltakarar), gratis for museumstilsette.

Påmelding

Meld deg på via lenk her: https://pameldinger.no/e/pttkut


Les meir om tranmaling her:

Komposisjonsmaling

Komposisjonsmaling består av tre hovudingredienser: vatn, mjøl og pigment. Nokre oppskrifter inneheld også såpe, jernvitrol, tjøre og/eller linolje. Bruk av komposisjonsmaling kan førast tilbake til 1600-tallet, og malinga var mest vanleg fram til 1950-talet. Den er billeg og enkel å framstilla og ofte brukt på uthusbygningar då den egnar seg til uhøvla kledning.

Kurs i komposisjonsmaling

  • Stad: Veien, Nedstrand (Haugalandmuseet)
  • Dato: 19. april 2023
  • Instruktør: Tor Meusburger
  • Målgruppe: Handverkarar, huseigarar og andre interesserte
  • Deltakarar: 11 personar (frå Haugalandmuseet, Ryfylkemuseet og Museumtjenestene i Rogaland)

Malermeister Tor Meusburger starta med å fortelja om komposisjonsmaling og bruken av denne. Han har brukt denne malinga i heile sitt yrkesliv, og har malt mange bygningar med komposisjonsmaling på vestlandet. Det finst mange ulike oppskriftar, men alle har inneheld mjøl, vatn og pigment. Meusburger forsterkar malingen med linolje. Det gjorde ikkje Haugalandmuseet då løa blei malt sist (i 2017). Dei brukte då ein oppskrift etter Jon Brænne. Me fann ut at me ville prøva begge deler på kurset. Den eine veggen blei malt halvt om halvt – eine halvdelen med linolje, og den andre utan.

Før og etter maling.

Oppskrift – etter Tor Meusburger

  • 20 liter vatn
  • 0,8 kg jernvitrol
  • 1 kg rugmjøl
  • 3,2 kg pigment
  • 1 liter linolje
  • Zalo

Framgangsmåte

  • Start med vatnet.

    Bruk 2-3 liter av det kalde vatnet til å vispa ut mjølet i.

    Resten av vatnet kokast opp.

  • Når det nærmar seg kokepunktet hellar ein vatnet med mjølet oppi.

  • Når det kokar, tilsett jemvitrolen.

  • Sørg for å røra godt heile tida.

    La det koke under stadig omrøring i 15 minutt.

  • Veggen dusjast lett før maling.

    Unngå å mala i direkte sol (om mogleg).

    Mal to strøk. Me malte løa med begge strøk same dag. Malinga tørkar fort, så ein treng ikkje legga inn ekstra tørketid mellom strøka.

Oppstrøksprøvar

Me lagde også oppstrøksprøvar denne dagen med pigmenta okergult, engelsk raudt og sinkkvitt. Dei gule og raude prøvane blei fine, medan den kvite fungerte ikkje.

Kurs i komposisjonsmaling

Me har gleda av å invitera til kurs i komposisjonsmaling 19. april. Kurset er del av fellesprosjekt om overflatebehandling.

Komposisjonsmaling består av tre hovudingredienser: vatn, mjøl og pigment. Nokre oppskrifter inneheld også såpe, jernvitrol, tjøre og/eller linolje. Bruk av komposisjonsmaling kan førast tilbake til 1600-tallet, og malinga var mest vanleg fram til 1950-talet. Den er billeg og enkel å framstilla og ofte brukt på uthusbygningar då den egnar seg til uhøvla kledning.

Program – dag 1 (18. april)

  • 17:00 – Middag, Karmsund folkemuseum
  • 19:00 – Fagkveld, Karmsund folkemuseum

Program – dag 2 (19. april)

  • 08:30 – Oppmøte ved tollbua/ferjekaien på Nedstrand (kart).
  • 08:40 – Kurs for musea del 1
  • 11:00 – Lunsj
  • 12:30 – Kurs for musea del 2
  • 14:00 – Kurset er ferdig

Praktisk info

  • Stad: Haugesund / Nedstrand
  • Dato: 18. og 19. april 2023
  • Instruktør: Tor Meusburger
  • Målgruppe: Museumshandverkarar, andre interesserte
  • Overnatting: Hotell i Haugesund. NB! Deltakarane bookar sjølv overnatting.
  • Kostnad: Deltakarane dekkjer kostnad til overnatting, reise og middag

Påmelding

Fyll ut skjema her: https://pameldinger.no/e/kemlut

Kurs i overflatebehandling av mur

Me har gleda av å invitera til kurs i overflatebehandling av mur på Utstein kloster 25. og 26. mai. Kurset er del av fellesprosjekt om overflatebehandling.

KALK brukast til maling av kalkpussa overflate, både utvendig og innvendig. Kalk har i hundrevis av år vore brukt på kalkpussa overflate, slik som i kyrkjer. Kalk har òg vore brukt på tre i uthus/fjos.

SILIKAT, også kalla vassglas, brukast til mura og pussa overflatar. Så langt tilbake som til mellomalderen var det flytande kaliumsilikatet kjend som omgrep. Blei oppdaga igjen tidleg på 1800-talet, og kom for alvor i bruk frå 1870-talet og utover. Kan også brukast på eternit.

Program – dag 1 (25. mai) – KALK

  • 10:00 – Kaffe og velkomen
  • 10:30 – Foredrag om kalk, introduksjon til Utstein
  • 11:00 – Lunsj
  • 12:00 – Praktisk del
  • 15:00 – Kaffepause
  • 15:30 – Førebuingar til dag 2 (blande silikatmaling, reingjering av penslar m.m.)
  • 16:30 – Kursdagen er ferdig
  • 17:00 – Middag

Program – dag 2 (26. mai) – SILIKAT

  • 08:30 – Kaffe, kort foredrag om silikatmaling
  • 09:30 – Praktisk del
  • 11:30 – Lunsj
  • 12:00 – Praktisk del forts.
  • 14:00 – Reingjering og oppsummering
  • 14:30 – Ferdig for dagen

Praktisk info

  • Stad: Utstein kloster
  • Dato: 25. og 26. mai 2023
  • Instruktør: Mathies Ekelund Erlandsen
  • Målgruppe: Museumshandverkarar, andre interesserte
  • Overnatting: Deltakarane bookar sjølv overnatting.
  • Kostnad: Deltakarane dekkjer kostnad til overnatting, reise og middag

Påmelding

Fyll ut skjema her: https://pameldinger.no/e/rrybkt

En introduksjon til AFR (Architectural Finishes Research)

Architectural Finishes Research (AFR) er et voksende fagfelt innen konserveringsfaget. Vi i Museumstjenestene kommer snart til å tilby denne tjenesten til museene våre, i forbindelse med fellesprosjektet vårt i år om overflatebehandling.

AFR kan bidra til tolkningen av en bygnings arkitektoniske, dekorative og sosiale historie på følgende måter:

  • Bestemme en bygnings opprinnelige tiltenkte farger og dekor.
  • Gi informasjon om endringer eller historisk bruk av et rom.
  • Gi informasjon om smak og økonomiske forhold til beboerne.
  • Forstå endringer i stil og estetikk over tid.
  • Gi økt materialkunnskap gjennom undersøkelse av historiske materialer som pigmenter og bindemidler.
  • Gi innsikt i håndverkerens prosess.

Et godt AFR-prosjekt begynner alltid med forundersøkelser og konsultasjon av tilgjengelig historisk materiale knyttet til bygningens historie. Opptegnelser som skriftlige og muntlige historier, fotografier, trykk, malerier og tegninger, gamle salgssedler og loggbøker kan alle gi informasjon om datoer, viktige hendelser, eierskifter, renoveringer, ominnredninger og så videre.

Når arbeidsomfanget er på plass, er et besøk på stedet avgjørende for å forstå utformingen av bygningen og identifisere de ulike arkitektoniske funksjonene som skal undersøkes. Et forbesøk gir også mulighet for ikke-destruktiv undersøkelse. Originale finisher kan finnes bak møbler, skap eller arkitektonisk dekor. Å bruke en UV-lykt eller se på overflater under slepelys kan også gi ledetråder om underliggende dekorative finisher.

AFR innebærer vanligvis at man tar prøver for undersøkelse. Størrelsen, plasseringen og antall prøver bør velges nøye for å være så diskrete som mulig, samtidig som de beholder intakte malingslag og er representative for hvert element i et rom.

Disse prøvene kan deretter tas tilbake til laboratoriet for montering i klar harpiks og undersøkelse under mikroskop ved bruk av normalt og UV-lys. Dette er kjent som «cross-sectional» mikroskopi. Undersøkelse av malingstverrsnitt under mikroskop kan avdekke viktig informasjon som antall malingslag, grunnlag og toppstrøk, pigment- eller partikkelstørrelse, tilstedeværelse av forgylling, og identifisere skader, smuss eller slitasje på lag som kan indikere perioder med forsømmelse. Fordi noen materialer avgir karakteristiske farger under fluorescens, er UV-lys nyttig for å identifisere enkelte typer maling og lakk.

Prøver sett under normal lys (venstre) og UV-lys (høyre).

Om nødvendig kan ytterligere testing utføres for å identifisere spesifikke pigmenter, tilsetningsstoffer eller bindemidler. Fourier-transform infrarød spektroskopi (FTIR) eller gasskromatografi massespektrometri er to metoder som ofte brukes for analyse av maling.

Fargetrapper kan være nyttige når de kombineres med tverrsnittsmikroskopi, men de er ikke spesielt nøyaktige alene. Avhengig av tykkelse og nedbrytning av en underliggende maling, kan det være veldig lett å gå glipp av noen malingslag når man avdekker for hånd. I tillegg er det ofte utfordrende å skille mellom mange lag med lignende farge, og det kan være vanskelig å skille mellom grunnlag og tilsiktet finish med denne metoden.

Både prøvetaking og avsløring av underliggende malingslag er ødeleggende, så man bør nøye vurdere om det er nødvendig. Hvis man ønsker å kjenne den sekvensielle dekorative historien til en bygning, kan en fargestrapp være et passende valg når den brukes sammen med tverrsnittsmikroskopi. På den annen side, hvis man bare vil vite den opprinnelige fargen, kan det være et mindre inngrep at man forsiktig og gradvis avdekker lag til man kommer til «målfargen».

De eksponerte fargene er tilpasset et internasjonalt anerkjent fargesystem. I Europa er dette typisk NCS-systemet. Det eksponerte malingslaget er ofte forringet og er kanskje ikke en nøyaktig representasjon av den opprinnelige fargen; for eksempel vil spesielt linoljemalinger gulne når de eldes. Fargetilpasning er derfor noe subjektivt og avhengig av en god lyskilde og erfaringen til utøveren.

All denne informasjonen samles deretter til en rapport som systematisk dokumenterer bygningens dekorative historie.

Vi håper denne korte oversikten over AFR viser hvordan hver fase av forskningen bidrar til en bedre forståelse av historien til en bygning. AFR er en tverrfaglig prosess som inviterer til samarbeid mellom museumskuratorer, historikere, konservatorer, malere og dekoratører og materialanalytikere. Vi ser frem til slike samarbeide og til å utvikle vår AFR-praksis sammen med museene!