Ny nettutstilling: KLIMAKLOKT!

Klimaendringane vil påverka husa me bur i. Samstundes kan våre val og tiltak i husa gjera ein stor skilnad for klimaet i framtida.

Utstillinga KLIMAKLOKT! handlar om dette, og kjem med råd om:

  • Klimatilpassing – kva me kan gjera for å tilpassa oss eit varmare og våtare klima.
  • Klimagassreduksjon – kva me kan gjera for å redusera/minimera klimagassutsleppa.

Kan me læra noko av den lokale byggjeskikken? Finst det metodar og tankesett i dei gamle bygningane som kan læra oss i dag noko om klimatilpassing og klimagassreduksjon?

Om utstillinga KLIMAKLOKT!

Laga av: Museumstjenestene, i samarbeid med regionmusea i Rogaland:

  • Dalane Folkemuseum
  • Jærmuseet
  • Museum Stavanger
  • Haugalandmuseet
  • Ryfylkemuseet

Etter idé av: Slöjd & Byggnadsvård, Västarvet.

Med støtte frå: Miljødirektoratet og Rogaland fylkeskommune.

Produsjonsår: 2020/2021.

Utstilling på vandring

Det er òg laga ei vandreutstilling. Den vil i løpet av 2022 og 2023 setjast opp ved alle dei fem regionmusea i Rogaland. Sjå turnéplan her.