Klimaendringane vil påverka husa me bur i. Samstundes kan våre val og tiltak i husa gjera ein stor skilnad for klimaet i framtida.
Utstillinga KLIMAKLOKT! handlar om dette, og kjem med råd om:
Klimatilpassing – kva me kan gjera for å tilpassa oss eit varmare og våtare klima.
Klimagassreduksjon – kva me kan gjera for å redusera/minimera klimagassutsleppa.
Kan me læra noko av den lokale byggjeskikken? Finst det metodar og tankesett i dei gamle bygningane som kan læra oss i dag noko om klimatilpassing og klimagassreduksjon?
Om utstillinga KLIMAKLOKT!
Laga av: Museumstjenestene, i samarbeid med regionmusea i Rogaland:
Dalane Folkemuseum
Jærmuseet
Museum Stavanger
Haugalandmuseet
Ryfylkemuseet
Etter idé av: Slöjd & Byggnadsvård, Västarvet.
Med støtte frå: Miljødirektoratet og Rogaland fylkeskommune.
Dalane Folkemuseum har ein gamal potetkjellar på Slettebø som dei nå ønskjer å setja i stand. Tilstanden til konstruksjon og andre bygningsdelar er dårleg, og det er naudsynt å gjera noko. Bygningsantikvaren er med i planlegginga av restaureringsprosjektet.
Museet vil leggja vekt på dokumentasjon og handverksforsking i arbeidet med Dalane Folkemuseum. Det er særskild taket på potetkjellaren som er interessant. Det ligg nemleg eit gamalt torvtak under bølgjeblekkplatene som kler taket i dag. Kor gamalt er torvtaket? Korleis er det lagt? Kva type torv er brukt? Dette er nokre av spørsmåla ein vil søkja å finna svar på gjennom restaureringsprosjektet.
Potetkjellaren på Slettebø. Foto: Kirsten Hellerdal Fosstveit.
Takkonstruksjon. Ein kan sjå nevera frå innsida av potetkjellaren. Foto: Kirsten Hellerdal Fosstveit.
Taket slik det ser ut i dag. Øvst bølgjeblekk, under torv og så fleire lag med never. Foto: Kirsten Hellerdal Fosstveit.
Lag på lag med never. Foto: Kirsten Hellerdal Fosstveit.
Branntakster
Branntakster kan vera ei god kjelde til kunnskap om bygningane i samlinga. Slettebø er taksert fleire gonger frå midten av 1800-talet og utover på 1900-talet.
Potetkjellaren er ikkje nemnd i dei første branntakstene frå Slettebø (1856 og -57), noko som kan tyda på at den ennå ikkje er bygd. I branntaksten frå 1868 er potetkjellaren med, og skildra slik:
En Poteteskjælder af Graasten, 8 Alen lang, 8 Alen bred, 6 Alen høi, tækket med Næver og Torv, 1 Dør, 2 Vinduer
I 1917 blei garden taksert på ny, inkludert jordkjellaren. Den hadde då fått ei ekstra dør og tegl på taket:
En potetkjælder af graasten, 5 meter lang, 5 meter bred og 6 meter høi, sutækket og teglhængt med 3 døre og 2 vinduer
Seinare blei teglpannene skifta ut med bølgjeblekk, men me veit ikkje kva tid dette kan ha skjedd. Så lenge museet har hatt forvaltingsansvaret for bygningen har den stått slik som i dag: Bølgjeblekk lagt oppå eit torvtak.
Me veit altså at potetkjellaren er bygd ein gong mellom år 1857 og 1868. Vidare veit me at den først var tekka med never og torv, og rundt femti år seinare (i 1917) ny tekking med tegl. Etter kva me veit har bygningen ikkje hatt torvtak seinare, så torvtaket har truleg lagt under tegltaket. Det vil seia torvtaket kan vera frå 104 år gamalt til – om det er snakk om originaltaket – minst 153 år gamalt!
Restaurering i 2022
Museet har sett av 2022 til dette restaureringsprosjektet. Museumstjenestene kjem til å følgja prosjektet vidare, så følg med her for oppdateringar!
Bildet: Bildet er tatt like før jul og viser transport av juletre på silosvans fra Kvernelands Fabrikk AS i skogen. Fotograf: Kjell Time. Bildet er fra Jærmuseet sine samlinger og er publisert på Digitaltmuseum.
Siden slutten av september har jeg digitalisert negativer fra fotografen Erling Søiland (født 1889, død 19. mars 1968) for Museum Stavanger. Søiland drev papirhandel og fotografisk forretning i Stavanger fra 1915 til 1961 sammen med sin kone. Han fotograferte for blant annet Stavanger Aftenblad og politiet fra 1920. Arkivet omfatter perioden ca. 1900- 1950, med hovedvekt på årene ca. 1910- 1940. Bildene ble gitt i gave til Stavanger maritime museum av barnebarnet Per Magne Vølstad i 1984, og består av glassnegativer, nitratnegativer og smalfilm.
Blant motivene finner vi gatebilder fra Stavanger by, bilder fra militær- og sivilforsvarsøvelser, kronprinsfamiliens besøk i 1939, freden i 1945 med mer. Det er mange bilder fra folketogene 1. og 17. mai.
Bildene som er digitalisert i denne omgang er negativer på cellulosenitrat, og skriver seg fra årene rett før og rett etter andre verdenskrig. Gjennom Søilands bilder får vi oppleve store folketog med paroler som “tygg maten godt”, “vask hendene før du spiser” og «verg landet mot fascismen”, glade byborgere med flagg i gatene under fredsdagene i 1945 og flere idrettsarrangementer. Det er også begivenheter som statsbesøk og militærøvelse med kongen til stede i 1939. Innimellom de store begivenhetene finner vi også bilder fra Søilands hverdagsliv, men det er de store begivenhetene som er sentrale i arkivet.
Under er et lite utvalg av de digitaliserte bildene tatt rett før og rett etter andre verdenskrig. Disse er nå klare for katalogisering og deretter publisering på Digitalt Museum.
Frykt for fascismen 1. mai 1939. Fotograf: Erling Søiland. Museum Stavanger, ST.S 1984-33-2782-002.
Mange lag og foreninger gikk i tog 17. mai 1939. Fotograf: Erling Søiland. Museum Stavanger, ST.S 1984-33-1773-003
Dans på torget i Stavanger 17. mai 1939. Fotograf: Erling Søiland. Museum Stavanger, ST.S 1984-33-1773-038.
En fotograf foreviger feiringen av freden 1945. Fotograf: Erling Søiland. Museum Stavanger, ST.S 1984-33-3965-004.
Freden feires med norske og amerikanske flagg i Stavangers gater. Flere hadde sydd flagg på jakka. Butikken i bakgrunnen er pyntet med norske flagg. Fotograf: Erling Søiland. Museum Stavanger, ST.S 1984-33-3965-023.
Regnvær satte ingen demper for gleden 17. mai 1945. Ungdommene har bannere med ulike årstall over brystet. Framhaldsskolen kommer bak. Fotograf: Erling Søiland. Museum Stavanger, ST.S 1984-33-1780-006.
Prosessen med endring av navn og profil startet i vår, i forbindelse med at konservatorene ble en del av tjenestene. Siden da har vi arbeidet med å finne frem til nytt navn, logo og profil. Dette ble endelig vedtatt av styringsgruppa i høst.
Det nye navnet, Museumstjenestene, skal signalisere tydelig hva vi jobber med: tjenester til museene i Rogaland.
Det er utarbeidet ny profilmanual som kan lastes ned her.
God forvaltning av museumsbygninger må være basert på grundig kunnskap om bygningene, både de som inngår i museumssamlingen og museets nyttebygninger. Kunnskap er et nødvendig grunnlag og en forutsetning for både eiendoms-forvaltning, administrasjon av museet, formidling og forskning.
Leden, S. (2017) Forvaltning av museumsbygninger, Kulturrådet
Jærmuseet er i gong med å byggja opp eit bygningsarkiv der dei samlar informasjon om bygningane i samlinga. Bygningsantikvar i Museumstjenestene har vore med i dette arbeidet.
Alle opplysninger om bygningene samles i et dokumentasjonssystem som er lett tilgjengelig. (…) Bygningsinformasjonssystemet må både romme opplysninger som ligger mer eller mindre fast, og andre typer opplysninger som i større grad vil være ferskvare og som må oppdateres og revideres kontinuerlig, så som opplysninger om tilstand og aktuelle tiltak.
Leden, S. (2017) Forvaltning av museumsbygninger, Kulturrådet
Bygningsarkivet skal slik vera eit grunnlag for:
FORVALTING
Planleggja og utføra vedlikehald og repeterande arbeidsoppgåver
Større prosjekt og restaureringsarbeid
Føra vidare teknikkar og materialbruk
FORSKING (& FORMIDLING)
Auka forståinga om kvifor og korleis bygningane er bygd og har fungert (materiell og immateriell kunnskap)
Meir informasjon og kunnskap om bygningane gjer bygningssamlinga meir interessant å forska i og på (t.d. handverksforsking, klimapåverknad o.l.
Samla historisk informasjon
Kirsten (Museumstjenestene) og Inger Smidt Olsen (Jærmuseet) går gjennom og dokumenter arkivmateriale i Interkommunalt arkiv i Stavanger.
Ein viktig del arbeidet har handla om å samla informasjon ein har om bygningane. Det gjeld både forvaltningshistorikk (både før og etter bygningane har blitt del av samlinga til museet), og annan historisk informasjon om bygningane, slik som foto, kart og anna arkivmateriale.
Døme på dokumentasjon som fortel om bygningshistorie. Her er ei kvittering på pigment som Arne Garborg kjøpte til Knudaheio i 1911. Originaldokumentet ligg i interkommunalt arkiv i Stavanger, Arkivenes hus. Slike dokument er avfotografert og lagra digitalt i mappesystem i bygningsarkivet.
Handbok
Som del av arbeidet vil bygningsantikvaren laga ei handbok som tar føre seg:
Bakgrunn og introduksjon til bygningsarkiv
Organisering
Bruk og retningslinjer
Handboka blir sendt på høyring for å få innspel – for å sikra at handboka blir brukarvenleg og nyttig for musea. Målet er at handboka skal kunne brukast av alle musea i Rogaland, og leggjast til grunn for bygningsarkiva ved kvart av musea.
Museumstjenestene deltok på seminar i Bodø 22. og 23. september. Tema var organisering av felles bevaringstjenester.
Bakgrunnen for seminaret var at museene i Nordland ønsker å gå sammen om felles konserverings- og bygningvernstjenester. Prosjektet er i startfasen, og de ønsket derfor erfaringsutveksling innspill og fra tilsvarende tjenester andre steder i landet.
Stina, Kirsten og Madli deltok fra Museumstjenestene og fortalte om vårt arbeid og erfaringer vi har gjort oss.
Sjølv om det er koronakrisa som skapar dei store overskriftene i år, er det ei anna krise som pågår og som vil ramma oss – og dei som kjem etter oss – minst like hardt: Klimakrisa.
Musea i Rogaland ønskjer å setja søkjelyset på klima og bygningsvern gjennom ei ny vandreutstilling. Tema er korleis ein som huseigar kan gjera ein skilnad for klimaet. Utstillinga vender seg til alle som eig eit hus, og som interesserer seg for korleis ein kan gjera ein skilnad for klimaet.
Utstillinga vil bli produsert av Museumstjenestene, i samarbeid med regionmusea i Rogaland og Rogaland fylkeskommune. Prosjektet er støtta av Miljødirektoratet.
Klimaendringene gir kort sagt et våtere, villere og mer uforutsigbart vær i fremtida. Selv om vi i Rogaland er vant med å tilpasse oss mye regn og vind og et skiftende vær, gir de siste års naturhendelser en pekepinn på at vi ikke er godt nok tilpasset dagens klima.
Planprogram – Regionalplan for klimatilpasning i Rogaland 2020-2050 (Rogaland fylkeskommune)
Utbetra i staden for å byta ut
For huseigarane sin del inneberer klimaendringane først og fremst at ein må vedlikehalda og renovera med tettare intervall. Me må òg setja i verk ulike tiltak for å spara energi.
Det finst mange ulike alternativ for den som vil spara energi og renovera. Det kan oppfattast som ein jungel å finna fram i, og det er lett å bli forvirra. Skal eg byta vindauge, satsa på solcellepanel, isolera loftet litt ekstra? Med denne utstillinga vil me guida huseigarane til å ta velja dei mest «klimakloke» løysingane – dei som er best for miljøet, for lommeboka og for uttrykket til huset.
Ein raud tråd i utstillinga er prinsippet om å utbetra i staden for å erstatta. Bruk-og-kast har spreidd seg til heile samfunnet, og i dag brukar og kastar me alt frå klede og elektronikk til kjøkeninnreiing og vindauge. I ei meir berekraftig framtid må me konsumera mindre og ta klimasmarte val.
Musea som kjelde til kunnskap
Musea har dei siste tiåra drive systematisk arbeid med å bevara og dokumentera ulike bygningstypar, og har gjennomført mange undersøkingar og forsking dette. Musea har slik opparbeidd seg mykje kunnskap om korleis ein best kan ta vare på eldre bygningar, og kva metodar og teknikkar som fungerer og ikkje. Utstillinga vil sjå på kva ein kan læra av den eldre byggjeskikken, og vurdera tradisjonelt bygghandverk opp mot moderne løysingar.
Rapport frå 2017 om musea sine møte med klimautfordringane
Musea har mykje erfaring og kunnskap om forvalting av bygningar, kva som fungerer og ikkje.
Referanseprosjekt
Den svenske utstillinga «Klimatklokt!» er vårt referanseprosjekt. Denne utstillinga blei produsert i 2018 av Slöjd & Byggnadsvård, Västarvet, i samarbeid med Hållbar Utveckling Väst.
Bilete frå utstillinga «Klimatklokt» i Sverige.
Informasjon om utstillinga
KVA
Vandreutstilling om klima og bygningsvern i Rogaland: Korleis kan du som huseigar gjera ein skilnad for klimaet?
KVEN
Utstillinga vender seg til alle som eig eit hus, og som interesserer seg for korleis ein kan gjera ein skilnad for klimaet.
KVIFOR
Klimaet i Rogaland vil bli våtare og varmare i framtida. Klimaendringane kjem til å påverka husa våre på fleire måtar. Klima påverkar oss – og me påverkar klimaet. Dei tiltaka den enkelte kan gjera vil ha mykje å seia om me skal nå klimamåla.
KVAR
Utstillinga vil turnera rundt i Rogaland. Planen er at den først blir sett opp på dei ulike regionmusea: Dalane Folkemuseum, Jærmuseet, Museum Stavanger, Haugalandmuseet og Ryfylkemuseet. Etter dette vil utstillinga vera til utlån for andre. Målet er at utstillinga skal ha besøkt alle kommunane i Rogaland i løpet av perioden 2020-2022. Aktuelle visningsarenaer i kommunane kan vera kulturhus, skular og bibliotek.
Utstillinga vil bli opna på Ryfylkemuseet i 2021. Deretter vil utstillinga vandra vidare til dei andre musea i Rogaland.
Fra i vår har jeg jobbet mye med katalogisering av bilder for Dalane folkemuseum. Rundt 1600 bilder er katalogisert til nå. Bildene er fra «Fotohuset AS», et firma med røtter tilbake til 1942.
Frem til 1967 utførte firmaet hovedsakelig oppdragsfotografering, samt noen portretter.
Siden bildene kom til Dalane folkemuseum har det blitt lagt ned en stor innsats i digitalisering, katalogisering og oppbevaring av bildene. Samlingen består hovedsakelig av negativer. Vi har prioritert de eldste negativene. Disse er i materialet celllulosenitrat, den eldste formen for plastfilm.
De fleste fotografiske materialene har dårligere holdbarhet enn mange andre gjenstandsgrupper, og spesielt plastfilm brytes raskt ned. Nedbrytingstiden avhenger av temperatur, luftfuktighet, luftforurensing og emballasje. I materialet fra Fotohuset var det mange synlige tegn til nedbrytning, og museet har derfor prioritert å digitalisere, pakke om og katalogisere disse. Mange av filmene har blitt fryst ned for å bremse nedbrytingen.
Bildene fra Fotohuset inneholder mange ulike motiver, og ikke alt er tatt på oppdrag. Her er bilder fra begivenheter i lokalsamfunnet, familieliv, selskaper, post-mortem, dåp, bryllup og begravelser, næringsvirksomhet, sport, fiske, natur og hverdagsliv. Et stort antall av de katalogiserte bildene vil bli publisert på Digitalt Museum.
Fisker reparerer seil i forbindelse med sildefisket utenfor Egersund, 1946-1965. Fotohuset AS/Dalane folkemuseum, DFF-FH01387.
Kronprins Olav åpner Eigerøy bru, 10.08.1951. Fotohuset AS/Dalane folkemuseum, DFF-FH00898.
Fra åpningen av bensinstasjonen Mobil Oil på Helleland, 29.11.1963. Fotohuset AS/Dalane folkemuseum, DFF-FH01067.
Negativ til postkort 1946-1965. Fotohuset AS/Dalane folkemuseum DFF-FH00761.
Egersund sildoljefabrikk med fiskebåter ved kai, 1946-1965. Fotohuset AS/Dalane folkemuseum, DFF-FH00701.
Odd Torgersen fra Egersund idrettsklubb i stavhopp, 22.06.1947. Fotohuset AS/Dalane folkemuseum, DFF-FH01287.
På Slettebø, 1946-1965. Fotohuset AS/Dalane folkemuseum, DFF-FH01419.
Kanaler som dette oppstår når basen krymper: Emulsjonen blir dermed større enn basen. Bryllup i Egersund kirke, 1946-1965. Fotohuset/Dalane folkemuseum.